Inndragingsspesialist
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Strandgata 2, 6415 Molde
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Møre og Romsdal politidistrikt har ledig stilling som inndragingsspesialist. I denne stillinga vil du vere ein ressurs og pådrivar i politidistriktet for å utnytte potensialet som ligg i inndraging. Inndraging brukast aktivt for å inndra utbytte frå kriminelle handlingar, slik at kriminalitet ikkje skal lønne seg.
Arbeidskvardagen vil bestå av metodeutvikling, opplæring så vel som praktisk arbeid i saker retta mot inndraging av verdiar. Som inndragingsspesialist høyrer du til eit profesjonelt fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, og vil ha ansvar og arbeidsoppgåver i heile politidistriktet.
Arbeidsoppgåver
- Fag- og metodeansvar for inndraging.
- Gi råd og rettleie i spørsmål og oppgåver knytt til inndraging og sikring av verdiar.
- Medverke til generell kompetanseheving i politidistriktet gjennom ulike opplærings- og vedlikehaldsprogram.
- Halde deg oppdatert på kriminalitetsbiletet og bidra aktivt i arbeidet med inndraging og finansiell etterforsking.
- Samarbeide med relevante aktørar som til dømes Økokrim.
- Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innan økonomisk kriminalitet.
- Tilrettelegge for og utføre finansielle analyser ved eige avsnitt og som bistand til andre einingar.
Krav
- Du må ha fullført Politi(høg)skule.
- Du må ha brei etterforskarerfaring og minst tre års erfaring frå politiet.
- Du må ha god fenomenforståing og kunnskap om etterforsking og inndraging.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må ha god kunnskap om og erfaring med bruk av politiet sine straffesaks- og etterretningssystem.
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet.
Ferdigheter
Lønn
650 000 - 760 000 NOK
Erfaring
mid-level