Autosøk
Visit Sognefjord As logo

Vil du fortelje historiene som får folk til å velje Sognefjorden?

Visit Sognefjord As

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Stillingsbeskrivelse

Vil du fortelje historiene som får folk til å velje Sognefjorden?

Vår digitale marknadsførar skal ut i barselpermisjon, og vi søkjer difor ein engasjert og kreativ vikar som vil vere med og fortelje historiene om Sognefjorden til verda.

Hos oss får du jobbe med internasjonale kampanjar, innhaldsproduksjon, AI, digitale analysar og marknadsføring som faktisk skaper reiselyst. Du blir ein viktig del av eit lite og ambisiøst team som kvar dag jobbar for å gjere Sognefjorden til eitt av verdas mest attraktive reisemål.

Om stillinga

Vi søkjer ein dyktig og framoverlent digital marknadsførar som kombinerer kreativ historieforteljing med analytisk tenking. Du er nysgjerrig på ny teknologi og bruker AI som eit naturleg verktøy i arbeidkvardagen. Du får ei sentral rolle i å utvikle, gjennomføre og analysere digitale marknadsaktivitetar som skaper reiselyst og gir målbare resultat.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføre og evaluere digitale kampanjar.
  • Produsere og publisere innhald i tekst, bilete og video.
  • Ha ansvar for sosiale medium og bidra med innhald til sognefjord.no.
  • Arbeide med SEO, SEM og marknadsautomatisering.
  • Analysere resultat og optimalisere kampanjar basert på innsikt.
  • Ta i bruk AI for å vidareutvikle marknads- og salsarbeidet.

Krav

  • Høgare utdanning innan marknadsføring, kommunikasjon, media eller liknande.
  • 3-5 års erfaring frå digital marknadsføring, marknad eller kommunikasjon.
  • Erfaring med Google Ads, Google Analytics og SEO-verktøy.
  • Erfaring med betalt annonsering i sosiale medium og innhaldsproduksjon.
  • Svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.

Ferdigheter

Digital marknadsføringInnhaldsproduksjonHistorieforteljingGoogle AnalyticsGoogle AdsSEO/SEMAI-verktøyCRM-verktøy

Erfaring

mid-level

Lignende jobber