Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Høgskulelektor i planlegging
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i planlegging ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap.
Om stillinga
Stillinga er knytt til Institutt for bygg, miljø- og samfunnsvitskap, campus Sogndal, med tilsetjing frå 1. januar 2027.
Ansvars- og arbeidsområde
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervisning og rettleiing innan arealplanlegging og miljøforvaltning på bachelor- og masternivå. Instituttet har eit internasjonalt og breidt fagmiljø, og ved campus Sogndal har vi høg forskingsaktivitet innan natur- og miljøforsking. Vi ønskjer at den som vert tilsett har interesse i å delta i forskings- og utviklingsarbeid ved instituttet.
Kvalifikasjonar
For tilsetjing som høgskulelektor er kravet mastergrad. Den som vert tilsett i stillinga må ha:
- Mastergrad i fysisk planlegging
- Utdanningsfagleg kompetanse
- God og dokumentert kunnskap om det norske plan- og forvaltningssystemet
- Kunnskap om miljøforvaltning og naturbaserte løysingar
- Praktisk erfaring med areal- og reguleringsplanlegging
- Undervisningserfaring i planlegging frå universitet og/eller høgskule
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk
Krav
- Du må ha mastergrad i fysisk planlegging.
- Du må ha god og dokumentert kunnskap om det norske plan- og forvaltningssystemet.
- Du må ha praktisk erfaring med areal- og reguleringsplanlegging.
- Du må ha undervisningserfaring i planlegging frå universitet eller høgskule.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk (nivå B2) og engelsk.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level
