Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kyrkjemusikar/Organist
Samnanger sokn søkjer kyrkjemusikar/organist til speling på gudstenester og kyrkjelege handlingar i Ådland og Haga kyrkje. Kyrkjemusikaren har hovudansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene.
Kyrkjelyden ønsker at kyrkjemusikaren/organisten skal bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet. Me ynskjer også at kyrkjemusikaren, ved høve, kan bidra til musikkliv retta mot til dømes born og unge i Samnanger kommune.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene: Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Leia lovsongsteam/ musikkgrupper.
- Musikk ved institusjonsandaktar.
- Medansvar for å utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.
- Forvalta og levandegjera eit allsidig kyrkjemusikalsk uttrykk som omfattar til dømes tradisjonell salmesong og moderne lovsong.
- Arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor (KA sitt tariffområde).
- Pensjonsordning i KLP.
- Stor grad av fleksibilitet.
Krav
- Søkjar må ha høgare utdanning i musikk.
- Søkjar må ha dugleik på orgel, piano og gitar.
- Søkjar må kunna leia band, musikkgrupper, songgrupper eller kor.
- Søkjar må ha erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid og musikkerfaring med born og unge.
- Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja (DNK).
Ferdigheter
OrgelspillPianospillGitarspillKorledelseMusikkplanleggingSamarbeidsevnerKreativitet
Erfaring
mid-level