Autosøk
Herøy kommune, Anlegg og drift logo

Fagarbeidar

Herøy kommune, Anlegg og drift

Sjukeheimsvegen 12, 6092 Fosnavåg, Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg

Stillingsbeskrivelse

Fagarbeidar

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb i uteseksjonen ved anleggs- og driftsavdelinga? Vi søkjer ein fagarbeidar innan anleggsfaget til uteseksjonen i 100% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift og vedlikehald av dei kommunaltekniske anlegga i kommunen; kommunale vegar, avløpsanlegg, hamn, sentrumsområde, parkområde og verkstaddrift.
  • Vintervedlikehald, der du må pårekne å delta i brøyteberedskap.
  • Køyring av maskiner som vi brukar i den daglige drifta, per i dag har vi lastebil med kran, liten lastebil, traktor og hjullaster.
  • Stillinga kan verte tillagt andre arbeidsoppgåver ved behov, der det kan være aktuelt å delta i vaktordning - teknisk vakt.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
  • Moderne kontor/garderobar og verkstad.
  • Gode pensjonsordningar i KLP.
  • Sletting av studielån med 25 000 kroner årleg for dei som bur og arbeider i kommunen (frå 1. januar 2025).

Krav

  • Du må ha fagbrev i anleggsfaget, eller anna relevant utdanning/lang erfaring.
  • Du må inneha sertifikat klasse C, B og T.
  • Det er ønskeleg med maskinførar sertifikat for hjullaster.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må vere fleksibel, løysningsorientert og trivast i eit hektisk miljø.

Ferdigheter

AnleggsdriftVintervedlikehaldMaskinkøyring (lastebil, traktor, hjullaster)BrøyteberedskapTeknisk vedlikehaldFDV-systemerSamarbeidsevner

Erfaring

mid-level

Lignende jobber