Autosøk
Helse og omsorg -legetenesta logo

Fastlegar

Helse og omsorg -legetenesta

Sandvenvegen 35, 5600 Norheimsund

Stillingsbeskrivelse

Fastlegar

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø? Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027 i samband med at ein av legane skal gjennomføra sjukehusteneste.

Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet.

Arbeidsoppgåver

  • Kurativt legearbeid i fastlegeordninga.
  • Deltaking i kommunal legevaktsordning.
  • Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar.
  • Lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver.

Driftsformer

Kommunen er open for ulike driftsformer:

  • Næringsdrift.
  • Fastlønnsavtale med insentivordning.

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege.
  • Du må ha gjennomført godkjent turnusteneste.
  • Du må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må kunne leggje fram politiattest ved tilsetting.

Ferdigheter

AllmennmedisinAkuttmedisinLegevaktarbeidPasientbehandlingJournalsystem (Webmed)Kommunikasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber