Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Tenesteleiar ved NAV Lom og Skjåk - 100 % fast
Vil du leie eit Nav-kontor med eit viktig samfunnsoppdrag? Vi søkjer ein engasjert og tydeleg tenesteleiar som vil utvikle gode tenester for innbyggjarane i Lom og Skjåk, byggje sterke samarbeid og leie kontoret gjennom vidare utvikling og omstilling.
Om stillinga
Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom Nav Stat og Skjåk kommune. Som tenesteleiar får du ansvar for å leie og utvikle Nav-kontoret i tråd med nasjonale føringar, lokale behov og gjeldande lovverk. Du vil representere arbeids- og velferdsetaten i møte med samarbeidspartnarar, og bidra til godt samarbeid mellom stat, kommune og andre aktørar.
Arbeidsoppgåver
- Leie, drifte og vidareutvikle kontoret både fagleg, kvalitetsmessig og organisatorisk.
- Tilpasse og sette i verk overordna føringar.
- Ansvar for personal og budsjett, og å oppnå mål innan gjeldande rammer.
- Styrke omstillingsevna for å kunne ta imot og levere moderniserte tenester.
- Bidra til eit godt fungerande tverrfagleg samarbeid både lokalt, regionalt og på tvers av Nav-kontor.
Krav
- Minimum tre år høgare utdanning frå universitet eller høgskule.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, med nynorsk som administrasjonsspråk.
- Erfaring og evne til leiing av medarbeidarar.
- Kompetanse om offentleg forvaltning, kommunale og statlege styringssystem og økonomiområder.
- Kunnskap om målstyring og evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv.
Ferdigheter
LeiingOffentleg forvaltningBudsjettansvarPersonalansvarMålstyringDigital kompetanseRelasjonsbygging
Erfaring
senior