Autosøk

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Vindafjord kommune Ølen skule

Litlehagen 15, 5580 Ølen

Stillingsbeskrivelse

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Vil du vera med å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre? Me treng lærar i 100% fast stilling ved Ølen skule.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Ta ansvar for fag og klassar på mellomtrinn og/eller ungdomstrinn.
  • Mogleg kontaktlæraransvar.
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di (eigen mentor for nyutdanna).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk, samt konkurransedyktig kontaktlærartillegg.

Krav

  • Du må ha godkjent undervisningskompetanse.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg (nynorsk).
  • Du må vera god på samarbeid både med barn og vaksne.
  • Du må vera ein autoritativ, løysningsorientert og systematisk vaksen.
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.

Ferdigheter

UndervisningKlasseromsledelseSosial samhandlingMatematikk (fagønske)Naturfag (fagønske)Kroppsøving (fagønske)Datakunnskaper

Erfaring

mid-level

Lignende jobber