Autosøk

Helsesjukepleiar ved Gol Helsestasjon – 100 % fast stilling - 2. gangs utlysning

Gol kommune Helse og omsorg

Gamlevegen 4, 3550 Gol

Stillingsbeskrivelse

Helsesjukepleiar ved Gol Helsestasjon – 100 % fast stilling

Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Gol kommune består av eit tverrfagleg og kompetent team som dekkjer helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste på barne- og ungdomstrinnet, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og Helsestasjon for Ungdom (HFU).

Vi arbeider helsefremjande og førebyggjande med mål om å sikre tryggleik, meistring og god helse gjennom heile oppveksten. Vi er i ferd med å samorganisere og samlokalisere oss med andre førebyggjande tenester for barn og unge, mellom anna psykisk helse.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeide med helsefremjande og førebyggjande tiltak for barn og unge.
  • Gjennomføre helseundersøkingar, individuell oppfølging og vaksinering i tråd med nasjonale retningslinjer.
  • Tett samarbeid med føresette, barnehage, skule, PPT, barnevern og andre relevante samarbeidspartnarar.
  • Bidra til at tenesta følgjer lovverk og nasjonale faglege retningslinjer.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.

Krav

  • Du må vere offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar.
  • Du må ha god kjennskap til relevant lovverk og nasjonale retningslinjer.
  • Du må ha gode digitale ferdigheter og systemforståing.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt i vurderinga.

Ferdigheter

HelsesjukepleieFørebyggjande helsearbeidTverrfagleg samarbeidVaksineringSystemforståingKommunikasjonsevner

Erfaring

mid-level

Lignende jobber