Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Tednebakkane omsorgssenter
Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar.
Som sjukepleiar/vernepleiar hos oss får du vera med i eit nyetablert sjukepleieteam og kan påverka korleis vi utviklar det. Vi har god fagleg dekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, og ergoterapeut.
Arbeidsoppgåver:
- Være ein del av sjukepleiarteamet
- Utføre sjukepleiaroppgåver
- Kartleggje miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov
- Dokumentere i journalsystemet CosDoc
- Medisinansvar
- Sjukepleiarkontakt for bebuarar
- Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
- Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell
Krav
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
- 3. års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje.
- Du må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg.
- Du må ha gode samarbeidsevner og kunne jobbe sjølvstendig.
Ferdigheter
SjukepleieMedisinhandteringDokumentasjon (CosDoc)EldreomsorgTverrfagleg samarbeidMiljøtiltak
Lønn
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Erfaring
junior