Autosøk
Høgskulen på Vestlandet logo

Stipendiat

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support Sámi adolescent cultural resilience, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen.

Om prosjektet

Forskingsprosjektet Singing maps er eit 4-årig (2025-2029) forskingsprosjekt finansiert av Forskningsrådet som skal bygge kunnskap om og utvide deltaking av samiske ungdommar i samiske musikaliske tradisjonar. Prosjektet undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft, urfolks resiliens, eigarskap, ansvar og kulturell identitet i samisk kontekst.

Om stillinga

Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på samiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarleg verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid/autoetnografiske metodar.

Ansvars- og arbeidsområde

  • Gjennomføre eige ph.d.-prosjekt innan ei tidsramme på 3 år.
  • Delta i obligatorisk del av doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar».
  • Bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps.
  • Samarbeide med seniorforskarar, tradisjonsberarar og andre studentar for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar og pedagogisk materiale.

Krav

  • Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som etnomusikologi, musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk.
  • Kandidaten skal leie ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk.
  • Søkjar må legge ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode.
  • Det er eit krav om flytande munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk.
  • Stipendiaten må bli teken opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL.

Ferdigheter

MusikkpedagogikkSamisk musikktradisjonKunstnarleg utviklingsarbeidAutoetnografisk metodeAkademisk skrivingForsking og analyse

Erfaring

junior

Lignende jobber