Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Glad i barn og leik, uteliv og omsorg?
Ledig stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent i 80% stilling ved Bjørgamarka barnehage. Stillinga er eit vikariat frå dags dato til ca. april 2027, med moglegheit for forlenging.
Bjørgmarka barnehage er ein treavdelingsbarnehage som ligg om lag 8 km frå sentrum. Me er opptekne av å skape gode og trygge dagar for borna, der leik og gode leikemiljø står sentralt. Me er mykje ute og nyttar Skogslottet i vår flotte Eventyrskogen.
Me legg vekt på godt samarbeid, open kommunikasjon, humor og trivsel i kvardagen. I år har me eit kommunalt satsingsområde med fokus på lesing.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar.
- Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell.
- Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen.
Voss herad tilbyr:
- Gode vilkår for fagleg utvikling.
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Gode pensjonsordningar.
- Løn etter kommunalt avtaleverk.
Krav
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskeleg, men andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.
- Du må vere ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg.
- Du må kunne skape gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette.
- Du må vere utviklingsorientert, engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart.
Ferdigheter
OmsorgsevneSamarbeidsevnerRelasjonsbyggingFleksibilitetLøysingsorientertPedagogisk arbeid
Erfaring
junior