Autosøk
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane logo

Vil du jobbe i eit område der folk kjenner kvarandre, bustadmarknaden er aktiv og relasjonar betyr noko?

Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane

Strandgata 45, 6905 Florø

Stillingsbeskrivelse

Vil du jobbe i eit område der folk kjenner kvarandre, bustadmarknaden er aktiv og relasjonar betyr noko?

EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane hjelper kundar gjennom ei av dei viktigaste avgjerdene i livet. Med lokal kompetanse, lang erfaring og sterke fagmiljø er målet vårt enkelt: å vere den føretrekte eigedomsmeklaren i Sogn og Fjordane.

No ser vi etter ein autorisert eigedomsmeklar som vil vere med å vidareutvikle marknadsposisjonen vår i Florø og Kinn. Her får du jobbe tett på kundane i eit etablert lokalmiljø, samtidig som du får tilgang til eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring.

Arbeidsoppgåver

  • Formidle bustader og nybygg i Florø og omegn
  • Gjennomføre synfaringar, verdivurderingar, visingar og bodrundar
  • Følgje opp kundehenvendingar og leads frå eigne og felles kanalar
  • Følgje kundane gjennom heile salsprosessen
  • Samarbeide tett med rådgivarar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane
  • Bidra til vidare vekst og synlegheit i marknaden

Kvifor velje oss

Som eigedomsmeklar hos oss får du ein sterk marknadsposisjon i ryggen. Vi tilbyr provisjonsbasert garantiløn og gode moglegheiter for høg inntening. Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærvilkår på banktenester og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.

Krav

  • Du må vere autorisert eigedomsmeklar.
  • Du må vere relasjonssterk, målretta og tillitsvekkande.
  • Du må kunne jobbe strukturert og ta ansvar for eigne resultat.
  • Du må ha evne til å skape aktivitet i marknaden.
  • Du må kunne framlegge gyldig politiattest før tilsetjing.

Ferdigheter

EigedomsmeklingSalg og kundehandsamingVerdivurderingBodrundehandteringRelasjonsbyggingMarknadsforståing

Lønn

Provisjonsbasert garantiløn

Erfaring

mid-level

Lignende jobber