Autosøk
Grade Jobbnorge logo

Vikariat undervisningsstilling 150 % - engelsk - Bryne vgs

Grade Jobbnorge

Hetlandsgata 27, 4349 Bryne

Stillingsbeskrivelse

Vikariat undervisningsstilling 150 % - engelsk - Bryne vgs

Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2200 elevar og 330 tilsette. Frå 12.10.2026 er det eit inntil 150% vikariat fram til juni 2026. Faget som skal dekkjast er engelsk, men det kan bli aktuelt med andre undervisningsfag i kombinasjon med engelsk.

Om stillinga

Stillingane kan delast opp i mindre vikariat dersom det er ønskeleg. Studentar vert oppmoda til å søkja. Lærarane går inn i etablerte samarbeid organisert i faglag i dei ulike faga. Det er aktuelt med undervisning på yrkesfaglege- og studieførebuande programområde.

Vi tilbyr

  • Ein jobb med meining
  • Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
  • Høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Ein stabil og trygg arbeidsgivar
  • Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • Offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Krav

  • Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i aktuelle fag.
  • Det er ein fordel med godkjend praktisk pedagogisk utdanning.
  • Søkjar må kunne leggje fram godkjend politiattest.
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar.
  • Du må vere ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom.

Ferdigheter

UndervisningEngelsk (fag)KlasseleiingDigitale ferdigheiterSamarbeidsevnerFormidlingsevne

Lønn

Løn etter gjeldande tariffavtale

Erfaring

entry-level

Lignende jobber