Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Grunna auka aktivitet søker vårt tømrerselskap, Tema Bygg AS, sjølvstendige og strukturerte tømrarar. Vi bygger over heile Sunnmøre og i Nordfjord.
Norhus har eit uformelt og godt arbeidsmiljø, med trivelege kollegaer. Dei fleste tilsette har jobba i selskapet i lengre tid og har eit sterkt samhald. Vi tilbyr gode vilkår og forsikringsordningar.
Arbeidsområde: Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord.
Norhus er eit selskap med lang erfaring i bransjen. Vi er kjende for store utbyggingsprosjekt på heile Sunnmøre og delar av Nordfjord. Vi bygg primært ut bustadfelt med fleirmannsbustadar, men har også hytter og einebustadar under oppføring.
Vi har hovudkontor i Ørsta, og eit større avdelingskontor i Ålesund. Grunna auka aktivitet på Søre Sunnmøre og i Ålesund søker vi derfor etter fleire flinke folk.
Vi tilbyr:
- Spanande og utfordrande oppgåver
- Sjølvstendige arbeidsoppgåver og ansvarsområde
- Konkurransedyktige vilkår
- Triveleg og uformelt miljø
- Personlege utviklingsmoglegheiter
Krav
- Du må ha fagbrev som tømrar eller lang erfaring som kan kompensere for fagbrev.
- Du må vere løysingsorientert i det daglege arbeidet.
- Du må evne å jobbe strukturert og målretta med god gjennomføringsevne.
- Du må ha førerkort klasse B, og gjerne også BE.
- Du må ha gode samarbeidsevner med eigne kollegaer og andre faggrupper.
- Du må ha fast bustad i området Ørsta/Volda.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level