Autosøk
Må-krav logo

Nettverksspesialist til vårt datasenter

Må-krav

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Nettverksspesialist til vårt datasenter

Helse Vest IKT leverer teknologi- og plattformtenester som understøttar spesialisthelsetenesta på Vestlandet. I avdelinga Sky bygger og vidareutviklar vi ei hybrid skyplattform som gir sjukehusa ei trygg, moderne og effektiv plattform for dagens og framtidas behov.

No søker vi ein nettverksspesialist som vil vere med å utvikle skyplattformen vår. Du blir ein del av Datasenter-teamet, som har ansvar for datasenter, nettverk, lagring og den underliggande infrastrukturen skyplattforma byggjer på.

Arbeidsoppgåver

  • Ha ei sentral rolle i drift, forvaltning og vidareutvikling av datasenternettet.
  • Automasjon av konfigurasjon og endringar.
  • Vere fagleg rådgivar og drive arkitekturval og strategisk vidareutvikling av nettverksløysingane i datasentera.
  • Arbeide med GitOps og kunnskapsdeling for å sikre effektive og standardiserte arbeidsprosessar.
  • Drive kontinuerleg forbetring av IKT-sikkerheit innan nettverksområdet.
  • Bidra til kompetansedeling, fagutvikling og vidareutvikling av eit sterkt nettverksfagleg miljø.

Krav

  • Du har høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring.
  • Du har solid erfaring og kunnskap innan nettverksfaget.
  • Du må kunne sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta § 69.
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Ferdigheter

NettverksdriftAutomatisering (Ansible/Terraform)DatasenterinfrastrukturGitOpsIKT-sikkerheitCisco Nexus

Erfaring

mid-level

Lignende jobber