Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule
Bjørnafjorden
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Nore Neset ungdomsskule har frå snarast ledig stilling som miljørettleiar i 78 % stilling, skuleåret 2026 – 2027. Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygt og inkluderande læringsmiljø og gode resultat.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt, inkluderande og godt psykososialt skulemiljø.
- Vere synleg og aktivt til stades saman med elevane i undervisninga, friminutta og andre delar av skuledagen.
- Følgje opp enkeltelever og elevgrupper med behov for støtte.
- Planleggje, gjennomføre og evaluere utviklingsstøttande tiltak.
- Arbeide førebyggjande på individ-, gruppe-, klasse- og skulenivå.
- Vere ein fagleg ressurs og rettleiar for kollegaer innan psykisk helse, livsmeistring og relasjonsarbeid.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag tett på ungdom.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Samarbeid med engasjerte kollegaer og ulike faggrupper.
- Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha ei relevant treårig høgskule- eller universitetsutdanning innan helse- eller sosialfag.
- Du må ha god relasjonskompetanse og evne til å byggje tillit hos ungdom.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Du må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest før tilsetjing.
Ferdigheter
RelasjonsbyggingPsykososialt arbeidFørebyggjande arbeidLivsmeistringTverrfagleg samarbeidDigital kompetanseRettleiing
Erfaring
mid-level