Er du medisin- eller sjukepleiestudent som ønsker relevant arbeidserfaring i studietida? Vi har ledige studentstillingar
Bemanningssenteret, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Er du medisin- eller sjukepleiestudent som ønsker relevant arbeidserfaring i studietida?
Vi søker etter medisin- eller sjukepleiestudentar som ønsker å kombinere studie med relevant arbeid gjennom utdanninga. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år og inneheld arbeid ved einingar innan somatikk, rus og psykiatri. Rotasjon er basert på 1,5 - 2 år på kvar eining.
Arbeidsoppgåver
- I somatikken vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere praktisk arbeid, pleie og oppfølging av pasientar.
- I psykiatri og rus vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere pasientoppfølging med fokus på å skape gode relasjonar, og å motivere pasientar til å meistre problema sine på ein god måte.
- Delta i det daglege miljøarbeidet med pasientar og praktiske oppgåver delegert frå ansvarshavande.
- Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden.
Vi tilbyr
- Fast 22% stilling via Bemanningssenteret med arbeidsstad ved ulike einingar i føretaket.
- 10 helgar i løpet av eit år som blir planlagd saman med leiar i årsturnus.
- Resterande timar er fleksible (ca 20 timar kvar månad) og blir planlagde i samarbeid mellom tilsett og leiar.
- Rotasjon på ulike avdelingar.
Krav
- Du må vere student innan medisin eller sjukepleie.
- Du må ha minimum 400 timar pleieerfaring frå grunnleggande stell og pleie.
- Du må ha gode språkkunnskapar i norsk, minimum B2/NOR-U3-nivå for ikkje-nordiske statsborgarar.
- Du må kunne forplikte deg til 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling.
Ferdigheter
PasientoppfølgingMiljøarbeidPleie og omsorgSamarbeidsevnerTilpassingsdyktigheitKommunikasjon på norsk
Erfaring
entry-level