Autosøk
Universitetet i Bergen logo

Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale

Universitetet i Bergen

Allegaten 41, 5006 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale

Ved Matematisk institutt, i forskingsgruppa for porøse medier, er det ledig ei stilling som forskar innan anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, vil spele ei sentral rolle i forskingsgruppa sitt arbeid innanfor sentera «Center for Sustainable Subsurface Resources» (CSSR) og «gigaCCS». Viktige arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Utvikling og matematisk analyse av løysarteknologi for simulering av fleirfaseflyt i deformerbare geologiske porøse medium.
  • Rettleiing av ph.d.- og masterstudentar med avhandlingstema som er relevante for den pågåande forskinga.
  • Bidra til integrering av aktivitetane i sentera, inkludert utarbeiding av årlege arbeidsplanar og rapportering.
  • Bidra til formidlings- og kommunikasjonsarbeid, både retta mot samfunnet og mot industripartnarane.

Krav

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innan berekningsretta og anvendt matematikk eller eit nært tilgrensande fagområde.
  • Forskingserfaring på høgt nivå innan numerisk analyse og partielle differensiallikningar er eit krav.
  • Forskingserfaring på høgt nivå med utvikling av simuleringsteknologi er eit krav.
  • Forskingserfaring på høgt nivå innan anten fleirfaseflyt i porøse medium eller geomekanikk er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Ferdigheter

Anvendt matematikkBerekningsvitskapNumerisk analysePartielle differensiallikningarSimuleringsteknologiFleirfaseflyt i porøse mediumGeomekanikk

Lønn

685 900 - 725 000 NOK

Erfaring

mid-level

Lignende jobber