Autosøk

Kokk- ledig fast 80% stilling

Vestre Slidre kommune

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Stillingsbeskrivelse

Kokk - 80% fast stilling

Vestre Slidre helsetun har ledig 80% fast stilling, pluss ferievikar, frå 1. oktober. Vi jobbar i team, med to til tre kokkar per vekedag, og har dagturnus med arbeid kvar fjerde helg.

Vi har eit moderne kjøkken og produserer mat til alle på helsetunet, samt til ein del heimebuande. Det er også mogleg å bestille catering frå oss. Vi har kantinedrift, som kjøkkenpersonalet har ansvar for, og denne er open alle vekedagar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg matlaging - tørrmat, samt lunsj og middagar
  • Servere middag i avdelinga
  • Dagleg reinhald
  • Baking

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Krav

  • Du må ha fagbrev som kokk, gjerne som institusjonskokk.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må ha stor arbeidskapasitet og evne til å skape framdrift.
  • Du må vere fleksibel og løysingsorientert.

Ferdigheter

MatlagingInstitusjonsmatlagingBakingReinhaldSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeid

Erfaring

junior

Lignende jobber