Autosøk
Stord Folkehøgskule AS logo

Administrasjonsleiar og sosialarbeidar – 100 % stilling

Stord Folkehøgskule AS

OSEN 5, 5411 Stord, Stord

Stillingsbeskrivelse

Administrasjonsleiar og sosialarbeidar – 100 % stilling

Likar du å kombinere struktur og orden med arbeid tett på menneske? Ønskjer du ein jobb der du får ansvar, tillit og høve til å gjere ein forskjell i unge menneske sine liv? Hos oss kombinerer du administrasjon (50 %) med sosialt arbeid (50 %) i eit levande folkehøgskulemiljø.

Arbeidsoppgåver - administrasjon

Som administrasjonsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:

  • Budsjettarbeid og økonomisk oppfølging internt og i samarbeid med rekneskapsførar
  • Kontering og fakturering
  • Utarbeiding og oppfølging av turnus for driftspersonale
  • Ansvar for kommersiell drift, mellom anna utleige
  • Oppfølging av internasjonale søkjarar
  • Andre administrative oppgåver knytt til den daglege drifta av skulen

Arbeidsoppgåver - sosialt arbeid

Om lag halvparten av stillinga er knytt til sosialt arbeid og oppfølging av elevane. Du vil vere ein synleg og tilgjengeleg vaksenperson i skulemiljøet og bidra til tryggleik, trivsel og eit godt sosialt fellesskap. Arbeidet omfattar mellom anna:

  • Tilsyn og sosialarbeid blant elevane
  • Oppfølging av elevar og det sosiale miljøet ved skulen
  • Bidra til å skape eit inkluderande, trygt og godt internat- og skulemiljø
  • Delta i aktivitetar og andre oppgåver knytt til elevmiljøet
  • Tilsyn inngår som ein del av stillinga, nokre helger må påreknast.

Vi tilbyr

  • Ei variert stilling der du får kombinere administrativt ansvar med arbeid tett på elevane
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit kreativt og inkluderande miljø som verdset initiativ og samarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Krav

  • Du har relevant utdanning og/eller erfaring innan administrasjon, økonomi eller tilsvarande.
  • Du har god økonomisk forståing og evne til å arbeide strukturert med administrative oppgåver.
  • Du har god digital kompetanse og gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter.
  • Du er strukturert, nøyaktig, trygg og raus i møte med unge menneske.
  • Du har evne til å skape gode relasjonar, ta initiativ og arbeide sjølvstendig.
  • Det er ein fordel med erfaring frå skule, folkehøgskule, sosialt arbeid eller arbeid med ungdom.

Ferdigheter

AdministrasjonØkonomistyringBudsjettarbeidSosialt arbeidRelasjonsbyggingDigital kompetanseTurnusplanlegging

Erfaring

mid-level

Lignende jobber