Autosøk
Eksempel på arbeidsoppgåver logo

Deltidsstilling

Eksempel på arbeidsoppgåver

5035 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Deltidsstilling

Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.

Me har utvikla eit nytt senter for EBIT og biologi, med ansvar for biologisk styring og forvaltning av all fisk frå om lag 1 kg og fram til slakt. Som deltidsansatt blir du ein del av det operative leddet som omset biologi til EBIT – der kvar fôringsavgjerd, vekstkurve og helsestatus skal sjåast i samanheng med slakteplan og marknad. Stillinga passar for deg som ønskjer relevant arbeidserfaring ved sida av studia, og som kan bidra i avgrensa periodar, til dømes ved ferieavvikling, sesongtoppar eller anna fråvær.

Om stillinga:

I rolla blir du ein del av den daglege drifta og får arbeide tett saman med erfarne kollegaer i eit fagmiljø med fokus på kvalitet, fiskevelferd og berekraft. Arbeidskvardagen er variert og gir deg moglegheita til å utvikle praktiske ferdigheiter, få innsikt i produksjonen og lære korleis ulike delar av havbruksdrifta heng saman.

Eksempel på arbeidsoppgåver

  • Dagleg fôring og appetittkontroll – du bidreg til å justere fôringa i sanntid etter appetitt, åtferd og kamera.
  • Forvaltning av fisken – du bidreg til å vurdere vekst, kondisjon og biomasse mot rett storleik til rett tid, sett i samanheng med fiskehelse og slakteplan.
  • Plan, analyse og EBIT – du bidreg til å oppdatere fôrings- og forvaltningsplan løpande og levere talgrunnlag til sals- og produksjonsplanlegging.
  • Utvikling og effektivisering – du bidreg til å forbetre fôringspraksis for betre FCR, og til å dokumentere resultat og dele beste praksis med Kjernen.
  • Samhandling med driftsteama – du støttar lokalitetane i den daglege drifta og sikrar god informasjonsflyt mellom lokalitet, senter og Kjernen.

Krav

  • Du er student innan akvakultur, biologi, marinfag eller tilsvarande.
  • Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du er fleksibel og kan stille på relativt kort varsel i avgrensa periodar.
  • Du er engasjert, lærevillig og trivst med å jobbe i team.
  • Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ein fordel.

Ferdigheter

AkvakulturFôringskontrollBiologiDataanalyseSamarbeidsevnerDigital kompetanse

Erfaring

entry-level

Lignende jobber