Autosøk
Kvifor velje RFT? logo

RFT-terapeut

Kvifor velje RFT?

Storehagen 1, 6800 Førde

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved RFT Sogn og Fjordane har vi ledig ei fast stilling som RFT-terapeut i 100% stilling. Vi søkjer no etter ein terapeut til teamet vårt for relasjonsfokusert familieterapi (RFT) i Sogn og Fjordane. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har arbeidsstad i Sogn-regionen.

Kva vil arbeidskvardagen din bestå av?

RFT-teamet består av fem terapeutar som arbeider tett saman om å planleggje og kvalitetssikre oppfølginga familiane får. Samstundes arbeider terapeutane sjølvstendig med familiane og har stor grad av fleksibilitet til å organisere det kliniske arbeidet. Møta blir som regel gjennomførte i heimane til familiane, og stillinga inneber difor ein del reising og bilkøyring.

Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Gjennomføre familieterapeutisk arbeid i tråd med den kliniske modellen for tiltaket.
  • Koordinere det faglege arbeidet i enkeltsaker.
  • Følgje og gjennomføre tiltaket sine kvalitetssikringsrutinar.
  • Delta i opplæring og fast vekentleg rettleiing saman med teamet.
  • Bidra til informasjonsarbeid om tiltaket ut mot kommunane.
  • Bidra med behandlingsdata til NUBU si forsking og evaluering av metoden.

Kva får du hos oss?

  • Grundig opplæring i RFT-modellen.
  • Fast vekentleg rettleiing knytt til det kliniske arbeidet.
  • Fagleg oppfølging og gode moglegheiter for utvikling.
  • Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt fagmiljø.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

Krav

  • Du må ha utdanning som psykolog med norsk autorisasjon, eller høgskuleutdanning med vidareutdanning i familieterapi/klinisk mastergrad innan helse- og sosialfag.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå klinisk og terapeutisk arbeid med familiar, barn og unge.
  • Du må ha god kjennskap til det teoretiske grunnlaget for metoden, inkludert systemteori og familieterapi.
  • Du må inneha førarkort for bil.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og ha gode evner til skriftleg dokumentasjon.

Ferdigheter

FamilieterapiKlinisk arbeidSystemteoriKognitiv terapiSosial læringsteoriDokumentasjonSamarbeidsevner

Lønn

650 000 - 930 000 NOK per year depending on qualifications

Erfaring

mid-level

Lignende jobber