Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Innlandet, Skjåk
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk
Vil du vere fagarbeidar i ein heilt ny barnehage i Skjåk? Vi søkjer fagarbeidarar som vil vere med frå starten og skape ein inkluderande barnehage i godt samarbeid med barn, familiar og kollegaer.
Om Skjåkspira barnehage
I oktober 2026 opnar Skjåk den heilt nye Skjåkspira barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett.
Arbeidsoppgåver
- Gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen.
- Fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar.
- Bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar.
- Leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding.
- Støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse.
- Bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle.
- Ha open og god dialog med føresette.
Krav
- Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring.
- Du må ha utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk.
- Du må ha erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne leggje fram godkjent politiattest av nyare dato.
Ferdigheter
Barne- og ungdomsarbeidSpesialpedagogikkPedagogisk planleggingKommunikasjon med føresetteSpråkutvikling hos barnIKT-kompetanse
Erfaring
mid-level