Autosøk

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Internatleiar

Kan du tenke deg å jobbe med ungdom? Setesdal vidaregåande skule søkjer ein engasjert og trygg internatleiar til elevheimen vår på avdeling Hornnes.

Som internatleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å skape eit trygt, inkluderande og godt bumiljø for elevane. Vi søkjer deg som trivst med ansvar, er trygg i møte med ungdom og likar å arbeide sjølvstendig.

Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for den daglege drifta av elevheimen.
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt bumiljø for elevane.
  • Planlegging og koordinering av aktivitetar, bemanning og praktiske oppgåver knytte til elevheimsdrifta.
  • Administrative oppgåver knytte til elevheimen.
  • Oppfølging og rettleiing av elevar i samarbeid med skulen, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Ansvar for rutinar innan helse, miljø, tryggleik og brannvern.
  • Delta i vaktordning etter gjeldande turnus.

Per i dag er stillinga fordelt med om lag 30 % administrative oppgåver og 70 % turnusarbeid.

Krav

  • Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar.
  • Du må ha god digital kompetanse og erfaring med Microsoft 365, særleg Word og Excel.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Framsyning av politiattest er ei forutsetning for tilsetting.

Ferdigheter

MiljøarbeidTurnusplanleggingHMS-oppfølgingMicrosoft 365RettleiingAdministrasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber