CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Strategisk planlegging - nullutslepp
Vil du spele ei nøkkelrolle i det grøne skiftet? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland og bidra til at folk kan klare seg utan eigen bil. I tillegg skal vi sørge for nullutslepp frå transporttenestene våre.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar hos oss vil du inngå i ei faggruppe som arbeider med strategisk vidareutvikling av mobilitetstilbodet. Du skal ha hovudvekt på omlegging til låg- og nullutsleppsløysningar og bidra til at Skyss tar nullutsleppsløysingar i bruk på berekraftig og kundevennleg vis.
- Utgreie moglegheiter og konsekvensar av låg- og nullutsleppsløysningar for kollektivtransporten.
- Bidra i arbeid for å iverksette utsleppskutt frå kollektivtransporten gjennom anskaffingsprosessar.
- Praktisk tilrettelegging for miljøteknologi, gjennom å sikre areal til energiinfrastruktur og straumtilgang.
- Arbeid med oppfølging, evaluering og kontinuerleg forbetring av iverksette tiltak.
- Bidra til intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.
Krav
- Du har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde som teknologi, energi, klima eller miljø.
- Du har evne til å presentere og diskutere komplekse problemstillingar både skriftleg og munnleg.
- Du har erfaring med utviklingsarbeid og anskaffingsprosessar.
- Du har god teknisk forståing og interesse for utsleppsfrie køyretøy og alternative drivstoff.
- Du arbeider faktabasert, analytisk, sjølvstendig og strukturert.
Ferdigheter
Strategisk planleggingProsjektstyringAnskaffingsprosessarMiljøteknologiKlimaanalyseProsessleiing
Erfaring
mid-level