CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Strategisk planlegging - kollektivtilbod
Vil du vere med å utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å planlegge tilbodet vårt til dei reisande og å utnytte dei samla ressursane best mogleg. Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar hos oss vil du jobbe med:
- Analysar og utgreiingar om kollektivtilbodet, med tilrådingar om reisebehov, infrastruktur og rutetilbod.
- Strategiske planar for kollektivtilbodet og nye mobilitetsløysingar på land og på sjø.
- Dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar.
- Intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
- Moglegheit til å utvikle deg fagleg.
- Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune.
- Fleksibel arbeidstidsordning.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Krav
- Du har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde som transportplanlegging, samfunnsplanlegging eller samfunnsøkonomi.
- Du har god skriftleg og munnleg formidlingsevne.
- Det er ønskelig med erfaring frå transportplanlegging eller samfunnsplanlegging.
- Du har god forståing for prosessleiing og interessehandtering.
- Du har kjennskap til offentleg forvalting.
Ferdigheter
Strategisk planleggingTransportplanleggingSamfunnsplanleggingProsessleiingAnalytisk arbeidInteressehandteringOffentleg forvalting
Erfaring
mid-level, senior