Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
Åna fengsel har ledig fast, full stilling i aktiviseringsteam. Medarbeidarar i aktiviseringsteam arbeider to-skift, med helgearbeid.
Om stillinga
Som tilsett i aktiviseringsteam har du ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, hente inn og vurdere informasjon og saksbehandling. Vidare skal du ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering. Du må kunna opptre som ein positiv rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Formålet med aktiviseringsteamet er å førebygge isolasjon og gi et tilbod om aktivitet til innsette som ikkje er aktivisert i ordinær arbeidsdrift eller skole. Dette gjeld både innsette som er stengd ute frå fellesskapen, innsette som isolerer seg sjølv på grunn av psykiske lidingar, eller av andre grunnar unngår fellesskap med andre.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å førebygge isolasjonsskader og aktivisere innsette.
- Arbeide tett saman med avdelingsbetjentar og vere ein del av ei tverrfagleg gruppe.
- Gi eit eigna tilbod til målgruppa, som fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar, individuelle- og gruppeaktivitetar.
- Kartlegging og risikovurderingar.
- Sette opp og gjennomføre vekeplanar for innsette med tanke på deira individuelle behov.
Krav
- Du må ha relevant utdanning som fengselsbetjent, sosialfagleg høgskuleutdanning eller relevant yrkeserfaring.
- Du må kunne bestå opplæring i fysisk maktbruk.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Du må ha god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy.
- Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen din, dokumentert med ein uttømmande politiattest.
Ferdigheter
Lønn
474 000 - 650 000 NOK per år avhengig av stillingskategori og ansiennitet
Erfaring
mid-level