Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Har du praktisk sans og lyst på ein arbeidskvardag på sjøen? Vi søker driftsoperatør til eit eittårig vikariat med moglegheit for fast tilsetting på anlegget vårt på Skigelstrand. Her blir du ein del av den daglege drifta med fisk, båt, anlegg og vedlikehald.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ettersyn og røkting av fisk
- Drift og vedlikehald av anlegg, utstyr og fartøy
- Delta i ulike arbeidsoperasjonar gjennom produksjonssyklusen
- Enkelt teknisk arbeid og praktisk problemløysing
- Overvaking, registrering og rapportering
- Følge opp HMS, kvalitet og rutinar på anlegget
- Vere med på å finne gode og praktiske løysingar i kvardagen
Vi tilbyr
- 100 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast stilling
- Rotasjon 12–9
- Ein praktisk og variert arbeidskvardag
- Opplæring og gode moglegheiter til å utvikle deg i faget
- Eit erfarent fagmiljø og gode folk å jobbe saman med
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Krav
- Du er praktisk anlagt og likar fysisk arbeid.
- Du har teknisk interesse og forståing.
- Du er trygg på eller har erfaring med båt.
- Du tek ansvar og får ting gjort.
- Du kan arbeide sjølvstendig, men også trivst som del av eit lag.
- Du beherskar norsk munnleg og skriftleg.
Ferdigheter
Praktisk problemløysingVedlikehaldHMS-forståingBåthandteringRapporteringTeknisk forståing
Erfaring
entry-level