Autosøk
FINN-kode: logo

Vi søkjer sekretariatsleiar til utval om utgreiing av arealnøytralitet

FINN-kode:

Einar Gerhardsens plass 1, ,0179 Oslo

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer sekretariatsleiar til utval om utgreiing av arealnøytralitet

Regjeringa har oppnemnt eit ekspertutval, leia av Øystein Dørum, som skal greie ut eit nasjonalt mål om arealnøytralitet. Formålet med utgreiinga er å gi kunnskap om korleis arealnøytralitet kan operasjonaliserast på nasjonalt nivå for å bidra til å ta betre vare på naturen og redusere klimagassutslepp, samtidig som andre viktige samfunnsformål, som fornybar kraftproduksjon og kraftleidningar, blir tekne vare på.

Vi søkjer no etter leiar til sekretariatet. Eit sekretariat har ei nøkkelrolle i alle offentlege utval.

Arbeidsoppgåver/ansvarsområde:

  • Ein sentral del av det faglege arbeidet i sekretariatet vil vere å utarbeide diskusjonsgrunnlag, innhente kunnskapsgrunnlag til rapporten og greie ut anna materiale som blir lagt fram på utvalsmøta.
  • Sekretariatet skal bidra med innhenting av tal, utforming og skriving av fagtekst til utvalsrapporten.
  • Medlemmene i sekretariatet utgjer fagleg støtte og bistår ekspertutvalet med utgreiing, analyse og fagleg innhald.
  • Arbeidet inneber ulike praktiske og administrative oppgåver knytte til gjennomføring av møta, arrangement, eventuelle reiser osv.
  • Som sekretariatsleiar har du ansvar for den faglege leiinga og drifta av sekretariatet, og har saman med utvalsleiaren hovudansvaret for framdrifta i arbeidet.
  • Du skal leggje til rette for ekstern involvering og utadretta kommunikasjon.
  • Du har ansvar for budsjett, og ei godkjennarrolle i SAP for reiserekningar, honorar og utlegg for utvalsmedlemmene, og tidsregistrering for sekretariatsmedlemmene.

Krav

  • Du må ha høgare utdanning på minimum mastergradsnivå innan jus, samfunnsøkonomi eller statsvitskap med svært gode resultat.
  • Du må ha minst ti års relevant arbeidserfaring.
  • Du må ha god innsikt i nasjonal arealpolitikk og arealforvaltning etter plan- og bygningslova.
  • Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og god framstillingsevne på engelsk.
  • Du må kunne bli autorisert etter sikkerhetsloven på nivå BEGRENSET.

Ferdigheter

ArealforvaltningProsjektleiingUtgreiing og analyseBudsjettansvarStrategisk leiingOffentleg forvaltning

Lønn

kr 796 600-966 300

Erfaring

senior

Lignende jobber