Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Controller (Rådgjevar/seniorrådgjevar)
Vil du bruke din økonomiske innsikt til å støtte forsking og utdanning innan helse og medisin? Ved Det medisinske fakultet søker vi ein controller som ønsker å bidra til god økonomistyring og vidareutvikling av økonomifunksjonane i ein spennande og samfunnsviktig organisasjon.
Som controller ved økonomiseksjonen vil du vere ein sentral rådgjevar for fakultetsleiinga og bidra til strategiske beslutningar gjennom analysar, prognosar og økonomisk styringsinformasjon. Du vil inngå i eit strategisk viktig team på 15 høgt kompetente medarbeidarar, og du vil også jobbe tett saman med andre økonomar og leiarar på institutta og ved UiB.
Arbeidsoppgåver:
- Budsjett og prognosearbeid for fakultet og institutta
- Analyse av økonomiske resultat og utarbeiding av styringsinformasjon
- Rådgiving og beslutningsstøtte til leiare på ulike nivå
- Oppfølging av fond, legat og gåver
- Utarbeiding av økonomirapportar og saksframlegg til fakultetsstyret
- Bidra til forbetring og effektivisering av økonomiprosessar og rutinar
Krav
- Søkjar må ha mastergrad i økonomiske fag.
- Erfaring frå controllerarbeid som økonomistyring, analyse, budsjettering og prognosearbeid er naudsynt.
- Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
- Du må ha god forståing for rekneskap og økonomiske samanhengar.
- Du må ha god digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel.
Ferdigheter
Lønn
670.000 - 850.000 NOK
Erfaring
mid-level
