Autosøk
Me ser etter ein pedagog som kan: logo

Pedagogisk leiar

Me ser etter ein pedagog som kan:

Holmebakken 45, 4355 Kvernaland

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Pedagogisk leiar

Kvernaland barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2026. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø.

Kvernaland barnehage

Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap.

Kvifor søke på arbeid hjå oss?

  • Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø.
  • Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø.
  • Fagleg utvikling: Moglegheiter for kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring og jobbskyggeaktivitet.
  • Gode ressursar: Godt barnehagebygg med store inneareal og prioritering av vikarar ved fråvær.
  • Moglegheit for påverknad: Bidra til utviklinga av barnehagen og implementera nye initiativ.

Arbeidsoppgåver

  • Gje barna ein god og trygg start på livet.
  • Følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga.
  • Legge til rette for eit godt samarbeid blant kollegaer og med føresette.
  • Ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering.
  • Være med på å utvikla barnehagen vidare.

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning (KLP).
  • Lønn etter tariff.
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass.
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø.

Krav

  • Du har godkjent utdanning som barnehagelærar eller anna relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk.
  • Du har gode norskkunnskapar med god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Du er fagleg engasjert, løysningsorientert og målbevisst.
  • Du har erfaring frå arbeid som pedagogisk leiar (ønskjeleg).

Ferdigheter

BarnehagepedagogikkPedagogisk leiingRelasjonskompetanseDokumentasjon og vurderingSamarbeidsevnerGruppeleiingKommunikasjonsevner

Lønn

Lønn etter tariff

Erfaring

mid-level

Lignende jobber