Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Pedagogisk leiar
Kvernaland barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2026.
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap.
Kvifor søke på arbeid hjå oss?
- Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet verdsettast og trivast.
- Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar seg.
- Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar.
- Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store inneareal for allsidig leik og utvikling.
- Moglegheit for påverknad og deltaking: Som tilsett i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativ og tiltak.
Arbeidsoppgåver
Me ser etter ein pedagog som kan:
- Gje barna ein god og trygg start på livet.
- Følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga.
- Legge til rette for eit godt samarbeid blant kollegaer og med føresette.
- Ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering som bidreg til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette.
- Være med å utvikla barnehagen vidare.
Krav
- Du har godkjent utdanning som barnehagelærar eller anna relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk.
- Du har gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt.
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du har erfaring frå arbeid som pedagogisk leiar (ønskjeleg).
- Du har evne til å omsette teori ut i praksis og fokus på inkludering.
Ferdigheter
BarnehagepedagogikkGruppeleiingRelasjonskompetansePlanlegging og dokumentasjonSamarbeidsevnerLøysningsorientert
Lønn
Lønn etter tariff
Erfaring
mid-level