Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Rådgivar HR- og kommunikasjon
Ein av våre dyktige kollegaer går av med pensjon, og no ser vi etter deg som vil bli ein del av teamet vårt. Likar du å samarbeide, hjelpe andre og trivast med varierte oppgåver? Då kan dette vere stillinga for deg.
Du blir ein del av eit team med sju medarbeidarar som kvar dag støttar leiarar og tilsette med råd og rettleiing, gode prosessar og tenester innan HR og kommunikasjon. Saman bidreg vi til at tilsette i Vaksdal kommune får den støtta dei treng.
Dette blir arbeidsoppgåvene dine:
- Gi leiarstøtte og rettleiing i spørsmål om medarbeidarar og arbeidsmiljø, og vere ein viktig sparringspartnar.
- Utvikle og gjennomføre tiltak som styrker leiarskap og bygger leiarkompetanse i organisasjonen.
- Følge opp sjukemeldte og systematisk arbeide førebyggande i samarbeid med leiarane.
- Vidareutvikle digitale verktøy og løysingar innan HR- og HM.
- Sørge for at rutinar er oppdatert, relevante og fungerar godt i praksis.
- Bygge opp kompetanseportal i samarbeid med andre kommunar, og bidra til gode løysingar for læring og kompetansedeling.
- Utvikle, publisere og halde ved like HR-informasjon på intranettet, samt å gi støtte i anna kommunikasjonsarbeid.
- Bidra i rekrutteringsprosessar og anna operativt HR-arbeid i kommunen.
Krav
- Du har relevant utdanning på masternivå, men anna relevant utdanning kan óg bli vurdert.
- Du har erfaring frå HR, kommunikasjon eller tilsvarande arbeidsområde.
- Du har god forståing for digitale system og interesse for digital utvikling.
- Du er serviceinnstilt, likar å samarbeide med andre og er god på relasjonsbygging.
- Du arbeider strukturert, tek initiativ og klarar å prioritere mellom oppgåver.
Ferdigheter
HR-rådgjevingKommunikasjonLeiarstøtteDigital utviklingRekrutteringHMS-oppfølgingRelasjonsbygging
Erfaring
mid-level