Autosøk
Nasjonalforeningen for Folkehelsen logo

Bli aktivitetskoordinator for folkehelsearbeid

Nasjonalforeningen for Folkehelsen

Fjøsangerveien 68B, 5068 Bergen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Bli aktivitetskoordinator for folkehelsearbeid

Vil du vere med og gjere ein forskjell for betre folkehelse i Hordaland og Sogn og Fjordane? Vi ser etter deg som er glad i frivilligheita, og som ønskjer å leggje til rette for og støtte helselaga og demensforeiningane våre.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Administrere tilskotsordningar for laga våre
  • Følgje opp utdelingar av Folkehelseprisen og Demensprisen
  • Bidra i arbeidet med nasjonale kampanjar som Hopp for Hjerte og Demensaksjonen
  • Bidra aktivt i arbeidet med Demensvennleg samfunn
  • Svare på førespurnader og bidra til administrativ drift av kontoret

Vi tilbyr:

Hos oss i Nasjonalforeningen for folkehelsen vil du få:

  • Ein meiningsfull jobb i ein anerkjend organisasjon
  • Engasjerte kollegaer med ulike fagbakgrunnar
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Fleksitid, sommartid og ei ekstra ferieveke
  • Lønn etter avtale og gunstige låne- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse

Krav

  • Du har erfaring frå og kjennskap til frivilligheita og/eller organisasjonsarbeid.
  • Du har høgare utdanning på bachelornivå, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Du er sjølvstendig, systematisk og glad i menneske.
  • Du kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på nynorsk.
  • Du har gode IT-kunnskapar, spesielt innan Office 365.

Ferdigheter

FrivillighetsarbeidOrganisasjonsarbeidAdministrasjonKommunikasjonOffice 365Prosjektstøtte

Erfaring

mid-level

Lignende jobber