Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Helsefagarbeidarar - Eining for institusjonar
Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar. Me har ledig 3 faste 100% stillingar for autorisert helsefagarbeidar, frå snarast.
Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg. Som helsefagarbeidar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid.
- Målretta miljøarbeid og tilrettelegging for kvardagsmeistring.
- Tiltak, evaluering og dokumentering.
- Å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane.
- Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
- Legemiddelhandtering (krev opplæring og kurs).
Me kan tilby varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø, godt arbeidsmiljø, offentleg tenestepensjon og lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Krav
- Du må vere autorisert helsefagarbeidar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne gjennomgå opplæring og kurs for legemiddelhandtering.
- Det er krav om å leggje fram gyldig politiattest før tiltreding.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga.
Ferdigheter
Erfaring
junior