Autosøk

ID 2471 Sjukepleiarar/vernepleiarar - Eining for institusjonar

Stord kommune

Stord

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiarar/vernepleiarar - Eining for institusjonar

Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar. Eininga har ledige stillingar på begge hus.

Eining for institusjon har fleire faste 100% stillingar for autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, frå snarast. Stillingane er i turnus enten 2-delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.

Som sjukepleiar eller vernepleiar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.

Du vil få ta del i og ha ansvar for:

  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid
  • Tiltak, evaluering og dokumentering
  • Fagprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar eller vernepleiar, tett samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta
  • Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase
  • Legemiddelhandsaming
  • Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar
  • Faste møter og fellesskap med resten av sjukepleiar- og vernepleiargruppa i eininga
  • Bidra fagleg inn i tilsettgruppa og kunna vegleia kollegaer og andre i faglege vurderingar og oppgåver

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Du må kunne leggje fram gyldig politiattest før tiltreding.
  • Du må ha gode evner innan samhandling og kommunikasjon.
  • Du må ha ei brukarorientert tilnærming i arbeidet ditt.
  • Du må ha evne til å vera nyskapande i arbeidet.

Ferdigheter

SjukepleieVernepleieTverrfagleg samarbeidDokumentasjonLegemiddelhandsamingPalliativ behandlingGeriatri

Erfaring

mid-level

Lignende jobber