Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Barne- og ungdomsarbeider - Furuly barnehage
Furuly barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Ådland i eit roleg boligområde. Barnehagen har fine turområde, med kort veg til både skog, vatn og sjø.
Me har ledig fast 34% stilling for barne- og ungdomsarbeidar, frå 01.11.2026. Stillinga kan verta auka til 100% frå 01.01.27.
Arbeid- og ansvarsområde:
Du vert ein del av barnehagen sin organisasjon, som består av pedagogiske leiarar, fagarbeidarar, assistentar, og styrar. Som fagarbeidar/assistent vil du få medansvar for leiing av den avdelinga/barnegruppe du skal høyre til, i tett samarbeid med tilhøyrande pedagog og assistent/fagarbeidar. Samstundes må du ha evne til å sjå heilskapen, og barnehagen samla, som ein organisasjon. Du skal bidra til å sikra god kvalitet på den daglege drifta, og organiseringa av barnehagen. Og bidra til at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Offentleg tenestepensjon
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Krav
- Du må ha fullført fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Du må kunne ta imot rettleiing og gjere deg nytte av denne.
- Du må ha gode samarbeidsevner og vere lojal mot organisasjonen.
- Du må vere løysningsorientert, fleksibel og omstillingsdyktig.
- Du må ha stor arbeidskapasitet og høg arbeidsmoral.
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest før tiltreding.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level