Autosøk
Dine viktigaste ansvarsområde logo

Resepsjonssjef

Dine viktigaste ansvarsområde

Kristian IVs gate 2, 0164 Oslo

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Resepsjonssjef

Hotell Bondeheimen har halde til i Kristian IVs gate sidan 1913, eit kvartal frå Karl Johans gate. Hotellet har 145 rom, og på gateplan finn du serveringsstaden vår, Kaffistova. Hotellet er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo, noko som gir oss ein eigar med langsiktig perspektiv.

Om stillinga

Resepsjonssjefen har det overordna operative, administrative og faglege ansvaret for resepsjons- og bookingfunksjonen. Stillinga rapporterer til hotelldirektøren og inngår i den operative leiargruppa.

Dine viktigaste ansvarsområde

  • Overordna ansvar for kvalitet i resepsjonsdrift og gjestehandtering.
  • Personalansvar for resepsjonistar og bookingmedarbeidar.
  • Rekruttering, opplæring, vaktplanlegging, bemanning og oppfølging av timeregistrering og fråvær.
  • Overordna ansvar for bookingfunksjonen.
  • Oppfølging av gjestetilbakemeldingar, omtalar og klager.
  • Korrekt bruk av PMS, bookingsystem og betalingsløysingar, samt etterleving av personvern og økonomisk kontroll.
  • Budsjett, prognose og resultat innanfor eige ansvarsområde.

Krav

  • Du har erfaring som leiar med personalansvar i hotellresepsjon eller tilsvarande serviceverksemd.
  • Du har erfaring med vaktplanlegging, bemanning og oppfølging av medarbeidarar.
  • Du har erfaring med budsjett- og resultatoppfølging innanfor eige ansvarsområde.
  • Du har trygg og sjølvstendig systembruk knytt til PMS, bookingsystem og betalingsløysingar.
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk, og på engelsk.

Ferdigheter

PersonalansvarVaktplanleggingBudsjettstyringPMS-system (Mews)GjestehandteringBooking- og inntektsstyringNynorsk (ønskjeleg)Operativ leiing

Erfaring

mid-level

Lignende jobber