Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Avdelingsleiar studiespesialisering
Ålesund videregående skole har ledig ei fast stilling som avdelingsleiar innan studiespesialisering. Studiespesialisering er det største utdanningsprogrammet ved skulen, med om lag 550 elevar av totalt 1 300 elevar.
Avdelingsleiaren er ein del av leiinga ved skulen, som består av 13 leiarar. I det daglege vil avdelingsleiaren inngå i eit leiarteam med fire avdelingsleiarar, som har ansvar for studiespesialisering og for fellesfaga ved skulen. Stillinga inneber fagansvar for norsk og per i dag kroppsøving.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle utdanningsprogrammet studiespesialisering i tråd med skulen sine mål og prioriteringar.
- Følgje opp elevane sitt læringsutbytte, læringsmiljø og gjennomføring.
- Utvikle gode arbeidsmiljø for tilsette, og utøve god personalforvaltning.
- Utvikle samhandlande og innovative fagmiljø og profesjonsfellesskap.
- Leie og utvikle fagmiljøa i norsk og per i dag kroppsøving.
- Delta aktivt i skulen si strategiske og pedagogiske leiing, utviklingsarbeid og kvalitetsarbeid.
- Medverke i skoleårsplanlegging, ressursforvaltning og dagleg drift av skulen.
- Rekruttere elevar og tilsette.
- Bidra til godt samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartnarar.
Om skolen
Ålesund videregående skole er den største i fylket med ca. 1400 elevar og eit stort mangfald av både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vi er lokalisert på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga, med nært og godt samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal og regionalt nærings- og kulturliv.
Krav
- Du må ha høgare relevant utdanning og pedagogisk kompetanse.
- Du må ha leiarerfaring, og leiarutdanning eller skoleleiarutdanning er ønskeleg.
- Du må ha god innsikt i vidaregåande opplæring og utdanningsprogrammet studiespesialisering.
- Du må ha særskild kompetanse i norskfaget.
- Du må vere digitalt framoverlent.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level
