Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Stillinga er organisert som del av tildelingskontoret i Ulvik herad. Det er to stillingar på tildelingskontoret. Stillinga rapporterer til leiar for heimebaserte tenester, og er del av eit flott arbeidsmiljø ved Ulvik omsorgstun.
Arbeidet er delt mellom ca. 40% sakshandsaming, og 60% arbeid som ergoterapeut. Arbeidet er sjølvstendig og du kan i stor grad styre eigen kvardag.
Oppstart snarast. 1 års vikariat frå tiltreding, med moglegheit for forlenging.
Oppgåver
- Kjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova.
- Sakshandsaming og drift av lokalt hjelpemiddellager.
- Arbeid med individuell plan og koordinerande eining.
- Individuell oppfølging med pasientar.
- Tverrfagleg arbeid.
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar.
- Kontorplass i moderne lokalar ved Ulvik omsorgstun.
- Mobiltelefon og PC.
- Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som ergoterapeut.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kommunehelseteneste.
- Du bør ha kompetanse eller erfaring med forvaltningsrett og sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova.
- Du må ha gode IT-ferdigheiter.
Ferdigheter
ErgoterapiSakshandsamingForvaltningsrettTverrfagleg samarbeidPasientoppfølgingIT-ferdigheiter
Erfaring
mid-level