CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Finansiell rådgiver
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil difor kunne påverke og bidra i avgjersler hos oss.
Om kontoret og laget
I Stryn er vi eit energisk og engasjert lag som jobbar tett saman for å skape dei beste kundeopplevingane basert på høg kompetanse, kort responstid og framoverlente rådgivarar. Vi har ei sterk lokal forankring i Nordfjord og er stolte av rolla vi spelar – både for kundane våre og for lokalsamfunnet.
Kva går jobben ut på?
Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi – i dag og for framtida. Som rådgivar hos oss har du ansvar for din eigen portefølje. Du møter kundane i alle kanalar, men primært gjennom fysiske eller digitale møter eller på telefon.
Kven er du?
Vi ser etter deg som er god på å byggje lange relasjonar og som har eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog. Du har høg arbeidsmoral, er engasjert i jobben og trivst godt i ein prestasjonskultur med sterkt fokus på leveransar.
Kva får du hos oss?
Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Du blir del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle – og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.
Krav
- Du må ha evne til å byggje langsiktige relasjoner med kunder.
- Du må være komfortabel med å jobbe målretta mot salgsresultater og vekst.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og evne til å avdekke kundens behov.
- Du må være villig til å gjennomføre nødvendig autorisasjon innen sparing, investering, kreditt og forsikring.
- Du må trives med å jobbe både selvstendig og som en del av et team.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level