Sjukepleiar og vernepleiar ved LAR Laksevåg
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK), Helse Bergen HF
Damsgårdsveien 227, 5160 Laksevåg
Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Sjukepleiar og vernepleiar ved LAR Laksevåg
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med psykisk helsevern.
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er organisert i 5 geografiske seksjonar. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar.
- Poliklinisk og ambulant oppfølging av pasientar.
- Arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom.
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe.
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og regelmessig internundervisning.
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
- Ein utfordrande og lærerik kvardag med fokus på fagleg utvikling.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du må ha gode språkkunnskapar, og ikkje-nordiske statsborgarar må dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3-nivå.
- Du må vere personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa og tole menneske med høgt lidingstrykk.
- Du må ha evne til tverrfagleg samhandling samt evne til sjølvstendig arbeid.
- Du må ha god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level