Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Musikk- og Kulturskulelærar 100%
Brenn du for kultur, samspel og eit skikkeleg godt arbeidsmiljø? No har vi ei unik 100 % kulturstilling ledig!
Bykle kulturskule er ein liten, men svært aktiv og pulserande kulturskule. Hos oss er vi ikkje berre ein skule; vi er eit viktig musikk- og kompetansesenter for heile bygda. No ser vi etter ny musikk- og kulturskulelærarar som vil vere med på laget vårt.
Arbeidsoppgaver
- Undervisning og formidling: Gjennomføre individuell instrumentopplæring og gruppeundervisning/band i kulturskulen (særleg ynskjeleg med kompetanse innan gitar, bass eller slagverk), musikkundervisning i barne- og ungdomsskulen, og leie musikkleik i barnehagane og/eller på SFO/skulen.
- Arrangement og utvikling: Ha rolla som konsertplanleggar for kulturskulen sine arrangement, vere lydteknikar ved mindre arrangement, og bidra med praktisk arbeid og rekruttering inn mot UKM.
- Ungdomsarbeid: Ta del i fritidsklubben for mellomtrinn og ungdomsskule, der du brukar band og musikk for å engasjere og skape aktivitet.
Vi tilbyr
- Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år.
- Hjelp til å skaffe bustad dersom det er behov.
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein arbeidsplass der du får reell påverknadskraft til å utvikle kulturtilbodet.
Krav
- Minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
- Gode faglege og pedagogiske evner.
- Du må trivast med, og ha ei genuin interesse for å jobbe for og med barn og unge.
- Du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil.
- Godkjend politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, må leggjast fram før tiltreding.
Ferdigheter
MusikkundervisningPedagogikkInstrumentopplæring (gitar, bass eller slagverk)KonsertplanleggingLydteknikkUngdomsarbeidSamarbeidsevner
Lønn
Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år
Erfaring
mid-level