Autosøk

Helse, meistring og rehabilitering

Øygarden kommune Helse, meistring og rehabilitering

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider omtrent 45 personar med ulik fagbakgrunn, dei fleste er ergoterapeutar eller fysioterapeutar. Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe.

Vi søkjer engasjert fysioterapeut som har interesse for å arbeide med barn og unge i heim, barnehage og skule. Stillinga er ledig frå 06.10.2026 - 27.07.2027.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga arbeider hovudsakleg med barn/unge – oppfølging i barnehage, skule og i eigen heim. Det kan også verta noko oppgåver i forhold til vaksne/eldre.

  • Fysioterapi til barn/unge
  • Oppfølging individuelt og i gruppe
  • Hjelpemiddelformidling
  • Barnekoordinator og oppfølging med individuell plan

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell

Krav

  • Du må ha bachelor i fysioterapi.
  • Du må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort og kunna nytta eigen bil.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta, spesielt med barn.
  • Du må vera fleksibel, initiativrik og ha evne til å omstille deg raskt.

Ferdigheter

Fysioterapi for barn og ungeHjelpemiddelformidlingGruppetreningIndividuell oppfølgingTverrfagleg samarbeidKommunikasjon på norsk

Erfaring

junior

Lignende jobber