Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Avdelingsleiar for yrkessjåfør og transport- og logistikk
Har du ei sterk interesse for transport- og logistikkfaget og ønskjer å bidra til utviklinga av framtidas yrkesutdanning? Os vidaregåande skule søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar for utdanningsprogramma våre innan yrkessjåfør, transport og logistikk. Den som blir tilsett vil også bli ein del av skulen si leiargruppe, der vi saman utviklar skulen for framtida.
Som avdelingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for fagleg og administrativ leiing av avdelinga, inkludert personalansvar for 11 tilsette. Du får ei sentral rolle i å utvikle og gjennomføre strategiar som sikrar høg kvalitet i undervisinga, og som møter behova i arbeidslivet og gir elevane våre eit solid fagleg grunnlag.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at avdelinga følgjer gjeldande lovar, forskrifter og retningsliner.
- Leia og utvikla avdelinga mot skulen sine mål og verdigrunnlag.
- Sikre høg kvalitet i undervisinga og leggje til rette for fagleg og pedagogisk utvikling.
- Personalansvar for tilsette, inkludert rekruttering, oppfølging og kompetanseutvikling.
- Bygge og vidareutvikla tett samarbeid med næringslivet for å sikre fagleg oppdatert innhald i undervisninga.
- Budsjettansvar og ressursstyring for avdelinga, inkludert timeplanlegging.
Krav
- Du må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule.
- Det er krav om pedagogisk kompetanse, eller vilje til å ta slik utdanning.
- Du må ha sterke leiareigenskapar med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må ha god digital kompetanse.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level