Alti Forvaltning AS søkjer ein engasjert markedskoordinator til Alti Førde -- 80 % stilling.
Førde, 6800 Førde
Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Alti Forvaltning AS søkjer ein engasjert markedskoordinator til Alti Førde
Vi søkjer deg som vil vere med på spennande tider innan varehandel og merkevarebyggjing i ei sterk veksande senterkjede. Som markedskoordinator får du det daglege ansvaret for marknadsføringa på Alti Førde, i tett samspel med senterleiar.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Inspirere, motivere og engasjere mot felles mål.
- Ansvarleg for innhald, publisering og senteret sin SoMe-strategi.
- Bistå senterleiar med utarbeiding av marknadsbudsjett.
- Koordinere og skape lokale marknadsaktivitetar og arrangement som skaper trafikk.
- Stimulere leigetakarane til tiltak som aukar omsettinga.
- Sørge for oppdatering av senteret si heimeside og andre digitale kanalar.
- Operativt samarbeide med media, reklamebyrå og øvrige samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr:
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, inkluderande og sosialt miljø.
- Fadderordning med opplæring i ulike marknadsoppgåver og rutinar.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Konkurransedyktige vilkår, gode pensjon- og personalforsikringsordningar.
Krav
- Du har relevant høgskuleutdanning eller relevant kunnskap innan marknadsføring og sosiale medium.
- Du er ein aktiv brukar av sosiale medium og har stor interesse for digitale kanalar.
- Du er utadvendt, kreativ og har evne til å motivere og engasjere andre.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du er sjølvgåande, systematisk og har evne til å jobbe sjølvstendig.
Ferdigheter
MarknadsføringSosiale medium (SoMe)Digital marknadsføringInnhaldsproduksjonArrangementsplanleggingBudsjetteringKommunikasjon
Erfaring
mid-level