Autosøk
Personlege eigenskapar: logo

Seniorkonsulent

Personlege eigenskapar:

Sydnesplassen 1, 5007 Bergen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Likar du å arbeide med menneske? Ønsker du å vere med å bidra til å legge til rette for ein god studiekvardag for studentane og ein god arbeidsdag for dei som underviser? Er du opptatt av utdanning, danning og dei humanistiske fagas relevans for samfunnet?

Om desse beskrivingane passar for deg, håpar vi du vil søke på vikariatet vi har ledig ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i 100 % stilling som seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent). Det er ønskeleg med oppstart så raskt som mogleg. Vikariatet har varigheit ut august 2027 med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:

  • planlegging og avvikling av eksamen og undervisning
  • kontakt med fagmiljøet og særleg fagkoordinatorar
  • rettleiing, mottaking og oppfølging av studentar
  • studieplanarbeid
  • oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar
  • kontakt med interne og eksterne sensorar
  • sekretær for programstyre
  • informasjons- og rekrutteringsarbeid
  • ymse sakshandsaming
  • rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk
  • bemanning av fakultetets informasjonssenter

Krav

  • Det er krav om mastergrad, men lang og relevant praksis kan i særskilte tilfelle delvis kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
  • Du må ha evne til å vere nøyaktig og merksam på detaljar.
  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling.
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Du må ha evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress.

Ferdigheter

StudieadministrasjonEksamensplanleggingStudentrettleiingSaksbehandlingNynorskBokmålEngelskAdministrasjon

Lønn

615 000,- til 645 000,-

Erfaring

mid-level

Lignende jobber