Autosøk
UiT Noregs arktiske universitet logo

Prosjektstilling (17 mnd.) - "Next generation research infrastructure for language and linguistics"

UiT Noregs arktiske universitet

Hansine Hansens veg18, 9019 Tromsø

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Prosjektstilling (17 mnd.) - "Next generation research infrastructure for language and linguistics"

Ved Universitetsbiblioteket i Tromsø, UiT Noregs arktiske universitet (UB) er det ledig ei mellombels stilling som prosjektmedarbeidar i prosjektet «Next-generation research infrastructure for language and linguistics: TROLLing 2030».

Vi søkjer ein resultatorientert og omgjengeleg pådrivar med ambisjonar om å bidra til å vidareutvikla TROLLing til eit påliteleg og framtidsretta arkiv for språkdata i verdsklasse.

Om prosjektet

Tromsø Repository of Language and Linguistics (TROLLing) er eit fagspesifikt arkiv for forskingsdata frå lingvistikk og språkfag. Det overordna målet med TROLLing 2030 prosjektet er å styrkja og vidareutvikla TROLLing, slik at det kan tilby det språkfaglege forskingsmiljøet eit moderne, påliteleg og fagspesifikt arkiv for forskingsdata.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og analyse av brukarbehov og relevante krav, standardar og tilrådingar.
  • Utforming av krav- og behovsbeskrivingar og tekniske kravspesifikasjonar.
  • Utvikling og validering av testmetodar og prototypar.
  • Utvikling og oppdatering av forvaltningsmodellar, policyar og rettleiingsressursar.
  • Involvering av og samarbeid med forskingsmiljø.
  • Formidling og promotering av prosjektaktivitetar og -resultat.

Krav

  • Du må ha høgare utdanning på minimum masternivå.
  • Du må ha gode digitale kunnskapar og dugleikar.
  • Du må ha erfaring frå prosjektarbeid.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk og på engelsk.

Ferdigheter

ProsjektarbeidDigital kompetanseForskningsdatahåndteringKravspesifikasjonFormidlingUndervisning og opplæring

Lønn

590 000 - 800 000 NOK

Erfaring

mid-level

Lignende jobber