Autosøk
Er du klar for å bli med på laget vårt? logo

Finansiell Rådgiver, Florø

Er du klar for å bli med på laget vårt?

Strandgata 17, 6905 Florø

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Finansiell Rådgiver, Florø

Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du får derfor stor moglegheit til å påverke – både i rolla di og i møte med kundane.

Om kontoret og laget

I Florø er vi ni kollegaer som jobbar tett saman for å gi kundane våre gode opplevingar – kvar dag. Vi har høgt tempo, stor takhøgd og eit inkluderande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode.

Kva går jobben ut på?

Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi – i dag og for framtida. Gjennom gode og tillitsfulle samtalar gir du heilskapleg rådgjeving innan bustadlån, sparing og forsikring frå Frende.

  • Ansvar for ei etablert portefølje.
  • Aktivt utvikle porteføljen vidare gjennom kundedialogar og nye relasjonar.
  • Variert arbeidskvardag med både fysiske og digitale kundemøte.

Kva får du hos oss?

Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast. Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle.

Krav

  • Du har høgare utdanning innan økonomi eller finans.
  • Du har erfaring frå rådgjeving og kundearbeid, helst frå bank eller finans.
  • Du er trygg i rådgjevarrolla og skaper tillit i møte med kundar.
  • Du trivst med å ta ansvar for eigen kundeportefølje og jobbe målretta mot resultat.
  • Du er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare.

Ferdigheter

Finansiell rådgjevingKundebehandlingSalg og relasjonsbyggingØkonomisk analyseKredittvurderingSparing og forsikring

Erfaring

mid-level

Lignende jobber